-- annonse --
Nyheter
SPENNENDE STILLING I SOGN: NFF Sogn og Fjordane sammen med Kaupanger IL søker etter en person som brenn for utvikling av jente- og damefotballen i fylket.
Jan Otto Solberg
Jan Otto Solberg
Nettmedarbeider

938 58 224

I utlysninga heiter det: 

"NFF Sogn og Fjordane følgjer den nasjonale trenden og satsar stort på jente- og damefotball. Ei eiga fagstilling (50%) dedikert til utvikling av jente og damemiljøa er ein viktig impuls for å løfte jente- og damefotballen og sikre betre utviklingsvilkår i breiddefotballen. Kaupanger damelag har klart å finansiere ytterlegare ei 50 % stilling som sportsleg leiar, slik at søkjarar med rette kvalifikasjonar kan få ei 100 % stilling lokalisert til Sogndal.   

Dette vil vere ei prosjektstilling over 2 år med moglegheit for vidare engasjement. Stillinga vil vere delt mellom krets og klubb, og kontoret blir på Fosshaugane Campus. 

- Arbeidsoppgåvene i krets vil vere å skape aktivitet  for- og med jenter, rekruttere fleire til fotballrørsla, auke kompetansen på alle nivå i tett samarbeid med andre fagtilsette, følgje opp NFF sin handlingsplan i høve jente- og damesatsing og elles anna utviklingsarbeid. Fosshaugane Campus er ein attraktiv kompetansearbeidsplass med mange moglegheiter for vidare utvikling. Vi nemner at Høgskulen på Vestlandet (HVL) seksjon idrett, VGS seksjon idrett, Sogndal Fotball med fleire er lokalisert på Campus. I tillegg vil vedkommande inngå i eit nasjonalt nettverk av klubbutviklarar, noko som er lærerikt og gjev god kompetansebygging, uttaler dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane Svein Olav Myklebust.

I Kaupanger damelag vil arbeidet vere i rolla som sportsleg leiar for damelaget, med alt det medfører av oppgåver som rekruttering- og oppfølging av spelarar, sesongplanlegging, utviklingsarbeid i klubben og koordineringsarbeid mot samarbeidspartnarar. 

"Kaupanger har eit mål om å vere eit stabilt 1. divisjonslag over tid. Det krev stort fokus på rekruttering og utvikling av klubb og samarbeid med andre. No får vi sjansen til å bruke ressursar på ein person som kan kombinere dette med arbeidsoppgåver i kretsen, noko som vil komme jente- og damefotballen i fylket til gode", seier leiar i Kaupanger fotball, Trine Lerum Hjellhaug. 

Kaupanger har mellom anna fått finansiell hjelp lokalt frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane. I tillegg bidreg Norsk Tipping gjennom Toppfotball Kvinner:

"Utan desse samarbeidspartnerane hadde det vore umogleg å få på plass siste delen av stillinga. Midlane vi har fått er derfor øyremerka arbeidet for å utvikle jente- og damefotballen i fylket. Som flaggskipet innan damefotballen i fylket, skal vi vidareutvikle det arbeidet vi gjer i dag til det beste for damefotballen i fylket", seier Trine Lerum Hjellhaug. 

NFF Sogn og Fjordane og Kaupanger dame har jobba med prosjektet i heile vår, og går ut nasjonalt for å søkje etter rett person. Vi vonar at dette samarbeidsprosjektet vil gje betre utviklingsvilkår både i topp og breidde. Damer er oppfordra til å søkje.

Stillingsutlysning fagstilling jente/damefotball 

Søknadsfrist: 15.august 2018

Spørsmål om 50 % stilling i NFF Sogn og Fjordane:
Kontakt: Svein Olav Myklebust, tel: 90103595, 
F
or nærmere informasjon om NFF Sogn og Fjordana - se url https://www.fotball.no/kretser/sogn-og-fjordane/

Spørsmål om 50% stilling i Kaupanger fotball:
Trine Lerum Hjellhaug, tel: 97545091,  
For nærmere informasjon om Kaupanger IL - se url http://www.kaupangerfotball.no/

-- annonse --