-- annonse --
Nyheter
VETERAN: Hallgeir Austnes (til høyre) har vært kursinstruktør i trenerutdanningen i 25 år. Her sammen med Ronny Ødegård – KA trenerutvikling Sunnmøre FK. Foto: NFF Sunnmøre
Teddy Moen
Teddy Moen
Daglig leder Norsk Fotballtrenerforening

918 85 123

I tillegg har Hallgeir vært deltaktig i en rekke fotballtrenerkurs på Sunnmøre i perioden. Nå har NFF Sunnmøre samlet type trenerkompetanse i kretsen i en unik database som du kan gå inn på her.

Der kan man blant annet lese at Hallgeir selv tok datidens øverste trenerkurs: Trener-III eller D-kurset. Det er tilsvarende dagens UEFA A-lisens kurs. Da hadde han tatt Trener-II/C-kurset (tilsvarende UEFA B-lisens i 1989).

Med 24 UEFA B-lisens kurs har Hallgeir bidratt til å utdanne over 500 fotballtrenre i løpet av de 25 årene han har vært engasjert av NFF på kursene. 

– Hva var det som gjorde at du ble trukket med i disse oppdragene?
– Etter A-lisens kurset i Porsgrunn i 1996 vart eg spurt om å vere instruktør på UEFA B-lisens – allereie same året var eg på mitt første kurs i Stryn. Husker eg var veldig spent, den tida vart kursa avslutta med eksamen siste dagen, så det var ikkje like tett samarbeid mellom instruktørane. Læringskurva var bratt, sat oppe fleire netter og las i boka til Drillo om «Effektiv Fotball», eg skulle forelese om angrepsspel. Kvelden før eksamen skulle eg på joggetur saman med ein av deltakarane på kurset, men vart stoppa av kursleiar. Dagen før var det ingen kommunikasjon mellom deltakarar og instruktørar – klar tale frå kursleiar, strengt regime den gongen.

– Hva har vært det mest givende med å være veileder på disse kursene?
– Å vere veileder på kurset er utruleg lærerikt både fotballfagleg og pedagogisk. Arbeidsmåten gjer at du blir veldig godt kjent med deltakarane – det er tilbakemeldingar og diskusjonar heile veka frå tidleg morgon til seine kvelden. Som veileder får ein verkeleg brynt seg, spesielt i forhold til praksisbiten der ein skal gi feedback – det kan ofte vere ein balansegang mellom ros og ris som ikkje alltid er like enkel. Ein lærer mykje både om andre og seg sjølv – som veileder får ein også ofte klare meldingar frå deltakarane. Har i løpet av alle desse åra vorte kjent med og knytta gode kontakter med svært mange av deltakarane.

– Hva tror du er grunnen til at UEFA B-lisens er et så populært trenerkurs og at mange deltakere refererer til dette kurset som de kanskje husker best?
– Svært mange deltakarar har sagt til meg at UEFA B-lisens er det mest matnyttige kurset dei har gått på samanlikna med mange andre kurs i arbeidslivet, dei aller fleste har ein annan sivil jobb ved sidan av fotballen. Grunnen til det er at mesteparten av kurset handler om PRAKSIS PÅ FELTET – alle deltakarane må nesten dagleg kjøre gjennom ei økt medan dei andre vurderer arbeidet ditt saman med veileder. Her jobber du utanfor komfortsonen og det føles stressande både for ein som trener G16-laget til Langevåg og ein som har 100 landskampar. Men når målet er å få fram det beste i kvarandre og bygge kvarandre opp etter både oppturer og nedturer med øktene sine, sit dei aller fleste igjen med ein god følelse til slutt. Kurset gjer at mange får sette ting meir i system, det blir meir struktur på treningsarbeidet og ein blir meir bevisst på kva ein vil prioritere i treningsarbeidet sitt. Arbeidsmåten gjer at deltakarane knytter gode kontakter og held fram med samarbeidet etter kurset og skjønner at det å vere trener ikkje er eit onemanshow – her må ein få det beste ut av kvarandre. Ein får med andre ord masse fagleg påfyll og ein blir meir bevisst si eiga rolle som trener (reflekterer over eigen praksis)

– Er det noen episoder gjennom årene du vil trekke frem som du husker godt?
– Det har vore mange, litt vanskeleg utan å bruke namn, så det skal eg vere forsiktig med etter 24 kurs. Det har vore utruleg moro å treffe så mange hyggelege folk. Det mest fantastiske er å sjå kor fort deltakarane blir kjent og kor flinke dei er til å hjelpe og støtte kvarandre.

– Kan du nevne en del av instruktørene og kurslederne du har hatt glede av å jobbe sammen med?
– I løpet av alle desse åra har eg vorte godt kjent med mange veiledere/kursledere som eg har lært svært mykje av. Samarbeidet er tett, og vi er ofte ulike som personer, men jobber mot samme målet. Kurset er krevande det å gi 8-10 tilbakemeldingar på treningsøkter kvar dag i ei heil veke er ein krevande balansegang. Eg har vore heldig og jobba saman med: Sverre Dreier, Marit Glesnes, Geir Herrem, Peter Engelbrektsson, Erling Mathisen, Bernt Helland, Reidar Vågnes, Roar Breivik, Teddy Moen, Håkon Grøttland, Christer Basma, Eirik Horneland, Arnfinn Ingjerd, Børje Sørensen….. sikkert nokon eg har gløymt

– Som en meget erfaren veileder, er det noen gode råd du har til trenere som vil utvikle seg? Forhold som de bør tenke på og jobbe med for å utvikle sin dyktighet?
– Til trenere som vil utvikle seg. Skaff deg ein breiast mogleg erfaringsbakgrunn – skynd deg langsomt. Det er svært mykje læring i å jobbe med unge spelarar – det å ha fokus på spillerutvikling er viktig for ein trener. Det å ha hatt ulike roller i trenergjerninga er som regel positivt for dei fleste av oss. Mange er for opptatt av å komme seg rett på eit A-lag. Vi må ha trenere som er glad i å vere på feltet og videreutviklie seg der – det er på feltet det skjer, det er her du har mest å gå på. Føre videre det du lærte på B-lisens – og sjølsagt det å kunne jobbe i team, få fram det beste i kvarandre. Å kunne fotballfaget er viktig – minst like avgjerande er korleis du handterer/oppdrar spelarane dine, det å skape gode relasjoner til spelarane og mellom spelarane er også trenaren sin jobb uansett nivå og aldersgruppe. Trenarane må lære seg å reflektere over eigen praksis – teama må veilede kvarandre slik som vi gjer på B-lisens, det er ein viktig øvelse.

– Hva med deg selv og fremtiden. Hva slags planer har du fremover innen fotballen?
– Har hatt mange roller i fotballen, noko av det mest givande er å jobbe med utvikling - både av klubb og spelarar. Etter fem flotte år ( 2013-2018) som spillerutvikler for AaFK sine gutte- og juniorspillere, har eg ikkje hatt noko engasjement i fotballen. Mest på grunn av ein del utfordringar med helsa, men forma i dag er fin, så eg har ikkje heilt slått frå meg tanken. Det har vore litt greit med ein pause etter 30 år som trener og kursholder der eg stort sett har vore på feltet omtrent kvar dag. Men stiller gjerne som veileder på B-lisens om det byr seg ei anledning!

-- annonse --