-- annonse --
Nyheter
STØTTEAPPARATET NFF G17: Analyseansvarlig Brede Skahjem Tokvam på G17 landslaget, sammen med NFF-mentor Jarl Torske og assistenttrener på G17 Geir Hansen på La Manga i februar. Foto: Fotballtreneren
Gjest
Av Jonas Munkvold

De siste 4 årene har han brukt mye tid på kursing i regi av World Football Academy. I dette intervjuet med Jonas Munkvold på bloggen Fotballdykket, forteller han mer om seg selv, fotballopplæring og periodisering.

For noen måneder siden kom jeg (JM) i kontakt med Brede (BT) via Twitter. Siden den gang har diskusjonen gått fra studieturer, trenerutdanning, landslag og periodisering – for å nevne noe. Og en ting er tydelig, Brede er en dyktig fyr som alltid er på utkikk etter læring! Derfor var det utrolig gøy at han lot seg intervjue her til tross for en hektisk hverdag. Utrolig lærerikt intervju, om jeg får si det selv. Enjoy!

JM (Jonas Munkvold): Kan du si litt om hvor du jobber nå, hvilke kvalifikasjoner du har og hva du ser for deg i nær fremtid?

BT: Er 25 år, frå vakre Aurland i Sogn og Fjordane, og jobbar for tida som hovudtrenar for AaFK G16, samt analyseansvarleg for Norge G15 og G17. Innehar UEFA B-lisens, og ein Bachelorgrad i Coaching og Idrettspsykologi frå Norges Idrettshøgskole. Har dei siste 4 åra òg brukt mykje tid på omfattande kurs i regi av World Football Academy. Er som sagt ansatt i AaFK, ein fin klubb i utvikling, der eg trivest godt og får utvikla meg i eit kompetent fagmiljø.

JM: Gjennom dine kurs med World Football Academy har du fått tittelen «Periodisation Expert», hva innebærer det? Og kan du fortelle litt om periodisering?

BT: Tittelen «Periodisation Expert» betyr at eg har delteke på dei mest omfattande kursa til WFA (Periodisation Mentorship & Expert Meeting), og opparbeida meg ekspertise innan periodisering. Kort fortalt (alt er relativt) så dreier periodisering seg om å ta fotball- og fotballen sine krav som utgangspunkt i treningsarbeidet. Tradisjonelt sett har fotball blitt sett gjennom 4 dimensjonar: Taktisk, teknisk, fysisk og mentalt. Gjennom dette synet har fotballtrening gitt dualismen ein ny fødsel, der regelen- og ikkje unntaket er at desse 4 dimensjonane blir trent adskilt. Det er heilt feil, for å sei det mildt. Om ein gjer ein objektiv analyse av fotballspelet, så ser ein at det har følgjande hierarki:

1. Kommunikasjon (Taktikk) (verbal og non-verbal): Lat oss seia at spelar X er midtstoppar, og sentrar ballen til spelar Y, som er sentral midtbane. Før Y har foretatt seg noko som helst, så foregår det ein tovegskommunikasjon med omgivelsane. F.eks så ropar spelar X «mann i rygg» til spelar Y, og kommuniserer dermed verbalt at han har ein motstandar bak seg, og dermed dårlig tid. Y ser òg at det nærmar seg ein motspelar frå si høgre side, som med dèt kommuniserer non-verbalt at Y må foreta seg noko før han blir satt under press. Y ser òg at ein lagkamerat (Z) truar bakrom, og kommuniserer dermed non-verbalt at han ynskjer ein pasning frå Y inn i motstanderen sitt bakrom. «Kommunikasjon» er per definisjon øvst i fotballhierarkiet. Eit meir populært, men mindre presist begrep for dette er «taktikk».

Enkelte vil kanskje hevde at kommunikasjon ikkje er det same som taktikk, så la meg derfor forklara kvifor dei to er det same. Lat oss hoppa inn i ein fiktiv lagskontekst. Du trener eit lag som speler 4-3-3. På trening, spelarmøter osv er eitt av angrepspinsippa som blir formidla at dersom indreløper mottar ballen rettvendt i mellomrommet, så skal kant på ballside true bakrom. Og når kanten truer bakrom, ynskjer du at indreløper speler kanten gjennom i bakrom. Det er eit eksempel på taktikk, ikkje sant? Men kva er det som egentlig skjer undervegs i kampen? Jo, når nevnte indreløper er rettvendt med ballen i mellomrommet, så kommuniserer han non-verbalt til kanten på ballside at «no må du true bakrom!». Og når kanten starter sitt løp, så kommunisera han til indreløper at «no må du spele meg gjennom!». Av eksempelet ser ein at taktikk er kommunikasjon. «Når du gjer det, så gjer eg det», «når motstander gjer slik, gjer eg slik» osv. Tydelege taktiske retningsliner vil gjera at den verbale- og non-verbale kommunikasjonen går raskare – med andre ord bedre.

2. Handlingsvalg: Basert på den verbale- og non-verbale kommunikasjonen med omgivelsane, tar spelar Y eit handlingsvalg. Lat oss sei at han velger å sentra ballen tilbake til medspelar X. Valget skjer etter kommunikasjonen, og er per definisjon på eit lågare nivå i hierarkiet.

3. Teknisk utførelse: Når valget er tatt, gjenstår den tekniske utførelsen av valget. F.eks sentrer spelar Y ein innsidepasning til spelar X. Sidan dette skjer etter kommunikasjonen er prosessert- og valget er tatt, så er teknisk utførelse på det tredje og nederste nivået i fotballhierarkiet. Ein pasning er utførelsen av eit valg, som igjen er basert på kommunikasjon med omgivelsane. Det fins ingen universell riktig teknisk utførelse av ein fotballhandling. Eksempelvis er ikkje ein pasning definert som «eit teknisk riktig utført spark på ein ball». Ettersom dynamikken i fotball heile tida endra seg, så er ingen pasningar heilt identiske. Det vil alltid vera variasjonar i med- og motspel som gjer kvar einaste situasjon heilt unik. Om pasninga blir slått med tåa eller innsida av foten er totalt irrelevant, så lenge den når dit den skal – frå riktig posisjon, til riktig tidspunkt, med riktig retning, i riktig hastigheit. Kva som er «riktig» vil vera situasjonsavhengig, men dei fire parametra er objektive og udisktable.

Som ein ser kan ein ikkje dela fotball inn i 4 adskilte dimensjoner, men heller i eit logisk hierarki basert på hendelsesforløpet (valget kjem før utførelsen, dermed er det høgare i hierarkiet). Ein fotballhandling er ein heilheitlig aksjon, og å forsøka å skilja vekk enkelte komponentar i treningsarbeidet vil vera uheldig for utviklinga til laget- og enkeltspelarane. Som forklart i hierarkiet, så dannar kommunikasjon, handlingsvalg og teknisk utførelse ilag det ein kallar ei «fotballhandling». Når dei ser dette tenker sikkert mange at det manglar noko om fotballspesifikk fysikk. Fotballfysikk vert definert som «å gjennomføra fotballhandlingen med så høgt tempo og hyppigheit som mulig, for så lenge som mulig». Det handlar ikkje om å springa fortast, hoppa høgast, eller å løfta mest mulig, men om å utføra fotballhandlingane med så høg kvalitet som mulig, så ofte som mulig, for så lenge som mulig.

TokvamFigur1

JM: Korleis kan ein analysera fotballhandlingar utan å måtte ty til den utdaterte 4-dimensjonsmodellen (teknisk, taktisk, fysisk, mentalt)?

BT: Ved f.eks ein feilpasning, må ein først identifisera om det var handlingsvalget eller utførelsen som var årsaken til feilen.

Dersom konklusjonen er at det er utførelsen som er feil, er det 4 objektive parametre å vurdere fotballhandlingen etter:

Posisjon: Alle fotballhandlingar startar ein plass på bana.

Timing: Alle fotballhandlingar skjer til eit visst tidspunkt.

Retning: Alle fotballhandlingar skjer med ein viss retning.

Hastigheit: Alle fotballhandlingar skjer i ein viss hastigheit.

TokvamFigur2

Lat oss henta tilbake tidligare nevnte indreløper og kant til eit nytt praktisk eksempel. Indreløper har gjennom å vera rettvendt i mellomrommet kommunisert non-verbalt til kanten at han skal starte i bakrom. Kanten har starta sitt løp, og dermed kommunisert non-verbalt til indreløper at han ønsker å bli spelt gjennom. Indreløper forsøker å spele gjennom kanten, men pasningen blir brutt. Kvifor? Mange; både trenarar, kommentatorar og ikkje minst spelarar sjølv, brukar non-kontekstuelle klisjèar som f.eks mangel på sjølvtillit, lite bestemtheit, dårlig fokus osv. Det blir kun subjektiv synsing, og seier oss egentlig ingen verdens ting. Dersom ein analysera handlingen utifrå dei 4 tid- og rom-parametra posisjon, timing, retning og fart, så er sjansen for å finna løsning på problemet langt større enn dersom ein synsar utan ein objektiv referanse å diskutera utifrå!

- Var det utgangsposisjonen til kanten og/eller indreløparen som var årsaken til at pasninga ikkje nådde fram? Var det timingen i løpet og/eller pasninga som forårsaka feilen? Var det retninga på løpet og/eller pasninga? Var det hastigheiten i løpet og/eller ballen?

Gjennom ein slik analyse av ein fotballhandling, vellykka eller ikkje, er sjansen for å finna dei faktiske årsakane til utfallet langt større enn ved subjektiv synsing.

Om ein ser på kva som skil ulike nivå i fotball, så er det enkelt å sjå at det er tempoet på fotballhandlingane som er forskjellen frå f.eks Eliteserien og Bundesliga. Det er fortsatt 11v11, ein ball, og 90 minutt lange kamper. Forskjellen er tempoet på fotballhandlingane. Fotball er med andre ord ein intensitetsidrett, ikkje ein utholdenheitsidrett. Skal ein nå eit høgare nivå i fotball, så må ein dermed auka tempoet på fotballhandlingane sine. Med andre ord gå frå 100% til 101%. Samtidig som ein ynskjer å auka tempoet på handlingane sine, så ynskjer ein òg å auka hyppigheiten på handlingane. Ein ynskjer òg å opprettholda tempoet og hyppigheita på handlingane sine utover i kampen, med andre ord at tempoet og hyppigheita på handlingane skal vera lik etter 85 min av kampen som etter 5.

TokvamFigur3

Skal ein nå 101%, så må ein trena på 100%. Per definisjon. Det er fysisk umogleg å auka tempoet på fotballhandlingane sine dersom ein trenar på 85%. Tilstrekkeleg restitusjon etter kampar- og treningar er derfor heilt essensielt for å kunne trena med 100% tempo så ofte som mogleg. Intensiteten bør med andre ord alltid vera på 100%, men belastninga variera utifrå kor «fresh» (restituert/utkvilt) spelarane er. Periodisering handlar om ein gradvis, nøye planlagt oppbygging i belastning, slik at ein så ofte som mogleg er «fresh»- og kan trena på 100%, og unngår akkumulering av trøyttheit (fatigue). Gjennom ein gradvis auke i belastning utover i sesongen, syter ein for at spelarane aukar tempoet og hyppigheita på fotballhandlingane sine, samtidig som ein unngår skadekriser. Skader, og særlig belastningskader i fotball er aldri uflaks, sjølv om mange trenarar velg å skulda på det. Sjølv sjansen for kontaktskader kan reduseras gjennom god periodisering, der spelarane er så fresh som mulig når dei trena- og spela kamp. Det som nemlig skjer når ein over tid akkumulerer trøyttheit (fatigue), er at nervesystemet reagera saktar. Signala frå hjernen går saktara ut til muskulaturen, og det kan resultera i lengre kontakttid med bakken, som igjen resultera i større sjanse for beinbrudd, vridning eller overtråkk ved ein takling. Fotball heilt fri for skader er umulig, men fotball utan skadekriser er enkelt.

JM: Hvilket inntrykk har du av hvordan norske toppklubber jobber med periodisering?

BT: Eg skal ikkje påberopa meg innsikt i samtlege norske toppklubbar sin kvardag, men eg kjenner til treningsinnhaldet i ein del miljø. Det er mange klubbar som gjer veldig mykje fornuftig, men òg mange som sverger til den forhistoriske dualistiske modellen med 4 dimensjonar (taktisk, teknisk, fysisk, mentalt). Spesielt i pre-season kjem dette tydeleg fram. «Vi skal bli bedre trent» og «Vi skal doble treningsmengden» er klassiske avisoverskrifter i desember/januar. I Norge har vi ein utruleg lang pre-season, med meir enn god nok tid til å innarbeida taktiske retningslinjer, og gjennom gradvis auke i belastning få spelarane «top fit» til seriestart. Meir enn god nok tid! Problemet er at mange lag trenar noko heilt anna enn fotball for å bli bedre i fotball. Smak litt på den. Doble økter, isolert fysisk trening og akkumulering av trøyttheit er dessverre gjennomgangsmelodien i mange toppklubbar i månadane før seriestart. Det er ikkje rart at mange lag slit med dårleg samhandling og skadekriser i løpet av sesongen i Norge, når ein veit kva dei dreiv med i pre-season. Mange trenarar er eks-proffar, og adapterer mykje av metodikken frå det som trenarane dei sjølv hadde praktiserte på 80 og 90-tallet nesten ukritisk. «Når jeg var spiller så gjorde vi dette hver uke, og vi vant serien»-tankegang gjennomsyra norsk fotball, der eigen karriere er referansen, ikkje fotballen sin objektive eigenart. Det er òg mange som ser videoar på nettet av øvingar som Guardiola, Simeone, Mourinho osv brukar i sin unike kontekst, og implementerar øvinga i sin eigen trenargjerning utan kritisk refleksjon over kva slag adferd øvinga ynskjar å stimulera- og forbedra. «Guardiola gjør det, så derfor gjør jeg det òg».

Gjennom den objektive analysen av fotball, så er kommunikasjon per definisjon øverst i hierarkiet, og dermed det viktigaste i fotball. Verbal- og non-verbal kommunikasjon mellom spelarane i eit lag kan ikkje utviklast gjennom noko anna aktivitet enn fotball. Eit anna poeng er at verbal- og non-verbal kommunikasjon mellom spelarane ikkje utviklar seg særleg når det pga skadar stadig vekk er utskiftingar i startellevaren. Spelet stiller alle spørsmål, og spelet gir alle svar. Fotballen sine objektive krav er alltid referansen og utgangspunktet. Ikkje subjektive meiningar.

I mai spilte G17-landslaget EM i Kroatia, der du var med som en del av støtteapparatet.

JM: Kan du fortelle litt om dine inntrykk fra turneringen?

BT: For det første var det veldig stort å vera ein del av den historiske gjengen som for første gong sørga for at eit norsk G17-landslag skulle delta i EM. Spelarane skal sjølvsagt ha den største delen av æra! Det har vore heilt strålande å jobba med den gjengen dei siste 2 åra, og sjå utviklinga dei har hatt, både som lag- og enkeltspelarar i lagskonteksten! 2000-kullet er ein veldig lovande norsk årgang, og det gledar meg stort å sjå at fleire er involvert i- og rundt Eliteserien allereie i år. Vi var veldig små marginar unna å gå vidare til kvartfinalen på bekostning av Nederland. Når det er sagt, så var EM-motstanden veldig god, og spesielt mot Nederland og England fekk vi verdifulle referansar på kor høgt nivået hjå Europa sine beste 17-åringar faktisk er. I Norge er vi veldig raske med å hausa opp unge spelarar som «the next big thing» før dei har slått ein innsidepasning på toppnivå. So fort dei har spelt 10-15 kampar i Eliteserien skal dei seljast til utlandet for X antall millionar. Journalistar- og agentar, utan referansar på korleis nivået er hjå dei beste jamaldrande i Europa, bidreg til at unge talent får urealistiske forhåpningar og tankar rundt eigen karriere. I så måte var U17-EM gull verd, då spelarane fekk førstehandserfaring blant dei aller beste på kontinentet! Sjølv om vi var svært nær å gå vidare, så viste òg kampane våre kor skoen trykkjer i forhold til Europa-eliten. No er det opp til spelarane å omsetja denne verdifulle erfaringa til målretta trening i klubbane sine!

Det er først og fremst forskjellen på 1A og 1F-ferdigheitane eg tenker på, når eg reflekterer over erfaringane frå mesterskapet. Nederland og England, som vi møtte i gruppespelet, hadde fleire spelarar i stand til å skapa gjennombrudd- og ubalanse på eigenhand enn oss, samt fleire spelarar i stand til å løysa 1v1-situasjonar defensivt betre enn våre eigne. Dette kom best til syne ved overgang F-A og A-F, då ein ofte må klara seg på eiga hand, enten som 1A eller 1F. Spørsmålet eg stiller meg etter EM er, blant mange anna fylgjande:

- Trenar vi nok på kampavgjerande situasjonar i norske klubbar, som er den desidert viktigaste arenaen for spelarutvikling? Trenar vi nok 1v1, 2v2, overgang A-F i undertall, forsvar av eigen boks ved innlegg imot, overgang F-A i liketall- og undertall osv?

JM: Hvordan jobber du som trener for å utvikle spillere i ett system?

BT: Som nemnt tidlegare er kommunikasjon/taktikk av høgast orden i fotballhierarkiet. Deretter handlingsvalg, før teknisk utførelse. Saman er det ein fotballhandling. I mine økter med AaFK G16 ligg dette alltid til grunn. Med unntak av restitusjonsøktene dagen etter kamp, vil alle øktene mine byggja på den heilheitlege tanken om fotball. All aktivitet har eit motspel, der spelarane må ta til seg kommunikasjon frå omgivelsane (medspelarar og motspelarar), ta valg, og utføra valga sine. 95% av all aktivitet har ein retning (vi forsvarar dette målet, og angrip dèt målet). Så ofte som mulig med 100% intensitet. «Train as you fight, fight as you train».

I AaFK har vi eitt førande spelestilsdokument som vi jobbar med frå A-laget og nedover til G16, som er det yngste AaFK-laget. Dei taktiske retningslinjene er styrande for innhaldet i øktene mine med G16. Med andre ord så vil all aktivitet vera relatert til spelestilen vår, og spelarane i dei respektive posisjonane vil på trening jobba med oppgåvene dei møter i kamp. Det vil ikkje sei at vi kun jobbar i 11v11 med streng taktisk skolering og mykje coaching i fryssituasjoner, på ingen måte. 11v11 er alltid utgangspunktet, og noko vi brukar mykje tid på, sidan det er realiteten vi skal forbereda oss for. Men, problemet (sett i eit utviklingsperspektiv) med 11v11 er at spelarane ikkje nødvendigvis havnar i tilstrekkeleg antall situasjonar i løpet av ein sekvens, samanlikna med f.eks 6v6. I 6v6 vil kvar spelar oftare bli direkte involvert enn i 11v11, men i denne spelforma er problemet at avstanden til kampen, som er 11v11, blir relativt stor. Det er med andre ord svært viktig med balanse i treningsarbeidet: G16-spelarane mine må havna i tilstrekkeleg antall situasjonar for å utvikla fotballhandlingane sine, samtidig som dei må bli vant til å spela mykje 11v11, av openbare årsaker.

TokvamFigur4

Eg er veldig opptatt av at spelarane skal utfordra seg sjølv, og på AaFK G16 prøver vi å skapa eit utviklingsmiljø der spelarane går ut av komfortsona si så ofte som mogleg. I det legg eg at spelarane skal setja seg sjølv i situasjonar dei veit dei nødvendigvis ikkje miestrar veldig godt, der sjansen for å gjera feil er til stades. Både i trening og kamp, Eksempelvis å eksponera seg 1v1 defensivt mot den beste driblaren på laget, forsøka å spela seg fri bakfrå når ein møter eit høgt press, eller markera den beste hovudspelaren på defensiv dødball. Vi veit at spelarane kjem til å gjera feil, men vi veit òg at å gjera feil er ein ypparleg moglegheit til å læra. Eg kjeftar ikkje ved feil, då det kun vil sørgja for at spelarane ser på feil som noko uakseptabelt, ikkje som noko dei kan læra av. Vi prøver å hjelpa spelaren til å finna ut kva som gjekk gale, slik at dei lærer, og dermed reduserer sjansen for feil i neste liknande situasjon. I feil ligg kanskje det største læringspotensialet, og den må vi utnytta, ikkje stigmatisera!

JM: Hvordan kan treneren bruke videoanalyse for å forsterke læringsprosessen i en gruppe? Hva ser man etter, og varierer det med spillernes alder/ferdighetsnivå?

BT: I ei tid med store menger tilgjengeleg teknologi og analyseprogram, så er det veldig viktig å understreka at analyse aldri kan erstatta det som skjer på feltet. Analyse er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit virkemiddel for å forsterka læringsprosessane som i hovudsak skjer på bana. På G16-laget eg er hovudtrenar for prøver eg å bidra til at spelarane får gode vanar når det gjeld analyse. For den kanskje viktigaste analysejobben er det spelarane sjølv som står for. Same dag som kampane våre er spelt gjer eg den tilgjengeleg for spelarane via Dropbox, og oppfordrar dei til å sjå denne før vi møtes til videomøte. Dette er ikkje for min del, men for deira eiga utvikling sin del. Å sjå- og vurdera seg sjølv gjennom video er eit verdifullt verkemiddel i utviklingsarbeidet, men det er heilt avgjerande at spelarane sjølv har ein eigerskap til det. Dei mest motiverte spelarane sluka det rått, og har sett kampen både ein og to gonger når vi møtes til videogjennomgang. Dei er veldig opne for feedback, og har eit reellt bilde av seg sjølv som spelar. Ein får eit heilt anna bilde av sin eigen prestasjon når ein vurderar den kritisk på video. Det er ingen gråsoner; du får din eigen prestasjon slengt i fjeset, så kan du sjølv bestemma om du vil bruka observasjonane dine til å bli betre- eller ikkje.  Noko av det desidert viktigaste vi ser etter i våre framtidige a-lagsspelarar i AaFK er indre motivasjon; spelarar som viser dedikasjon, disiplin og lærevilje til å heile tida bli betre. Kor mykje tid og energi dei brukar på å vurdera sine eigne prestasjonar på video seier mykje om kor lyst ein spelar har til å bli betre.

Eg syns det er fornuftig å dela video- og analysebruk i to underkategoriar:

– Videobruk- og analyse på lagsnivå.

– Videobruk- og analyse på individnivå.

Video- og analysebruk på lagsnivå omhandlar dei spelarmøta der vi brukar video som verkemiddel for å tydeleggjera- og forsterka korleis vi ynskjer at laget skal opptre i dei ulike spelfasane, samt evaluering av kampar.

Dette kan praktiserast på fleire måtar, men slik har eg gjort det i min trenarpraksis:

Før trening: Både på klubb- og landslaga eg har jobba med, har video før enkelte treningsøkter vore eit nyttig virkemiddel for å forsterka dei prinsippa- og underprinsippa ein skal jobba med den økta. Som regel er klippa eg viser spelarane gode referanseklipp av korleis ting aller helst skal sjå ut, der laget lukkest i den aktuelle spelfasen. Men; det kan òg hende at eg legg inn eit klipp der situasjonar ikkje blir løyst optimalt, for å undersøkja om spelarane reflekterer kritisk over det dei ser.

Etter kamp: På AaFK G16 blir den første treninga etter kamp brukt til å evaluera prestasjonen vår på eit felles videomøte der alle spelarane er til stades. Eg har på førehand analysert kampen- og valt ut klippa vi skal diskutera og evaluera. Denne evalueringa skjer nesten uavhengig av resultatet i kampen, der vi ser, evaluerer og diskuterer korleis vi løyste dei ulike spelfasane, med klubben sitt spelestilsdokument som referanse. Det betyr ikkje at resultatet er uviktig for oss. Målet med vår U-avdeling er å utvikla spelarar med ferdigheiter til å vinna fotballkampar, og vi er opptekne av at spelarane skal gå inn i kvar kamp med eit sterkt ynskje om å vinna. Men; på G16 er prestasjonen vèl så viktig som resultatet. Og som regel er det ein sterk korrelasjon mellom dei to – gode prestasjonar betyr som regel gode resultat. Vi evaluerer som regel 1-2 spelfasar etter kamp, og er veldig bevisste på å unngå lange videomøter- og information overload.

Video- og analysebruk på individnivå omhandlar dei individuelle samtalane eg har med spelarane mine, der video blir brukt som verkemiddel for å bidra til den respektive spelaren si utvikling. Her er det spelarane sine oppgåver i lagkonteksten som blir diskutert- og evaluert, då det er umogleg å skilja individet frå laget i fotball. På AaFK G16 har alle spelarane fleire utviklingsmål som dei skal jobba med i trening og kamp, og ein av metodane eg brukar for å følgja dette opp er gjennom videomøte med den enkelte. Etter kvar kampanalyse går eg gjennom mange av enkeltspelarane sine involveringar, og plukkar ut dei mest relevante klippa opp mot utviklingsmåla deira. Dette er sjølvsagt ein tidkrevjande jobb, og eg rullerar på kven som får individuell videooppfølging etter kvar kamp. I løpet av ein sesong vil kvar spelar kanskje få 8-10 møter med meg etter kamp, der vi evaluerer prestasjonen hans opp mot målsettingane hans. Når ein velger ut klipp er det fort å gå i fella der ein kun tek med dei involveringane som inneheld personlege feil, ettersom det er dei ein primært ynskjer å endra på. Eg forsøker å ha ein 60/40-miks mellom klipp med ønska adferd og klipp med forbetringspotensiale i videomøta med enkeltspelarar. Ein skal læra av feil, for feil er ikkje farleg, men det er kanskje meir effektfullt for ein spelar å diskutera kva som gjorde at han lukkast i ein situasjon, i staden for at han til stadigheit får høyra kvifor han gjorde feil. Som nemnt tidlegare ser spelarane mine kampen på nytt før vi møtes, og det er veldig viktig for å oppnå ynskt effekt. Eg ynskjer ikkje å halda ein monolog i 15 minutt, men heller dialog med spelaren, der eg får innsyn i hans tankar- og vurderingar i dei ulike situasjonane. Først når eg forstår hans ståstad kan eg hjelpa han til å auka kompetansen sin.

JM: Hvilke ferdigheter tror du blir viktige for morgendagens fotballspillere?

BT: Dersom ein ser toppfotballen si utvikling dei siste tiåra, så ser ein at tempoet har auka monaleg. På toppnivå i dag har du langt mindre tid og rom til å gjennomføra fotballhandingane dine enn for 10, 20 og 30 år sidan. Fleire studiar forsterkar også denne observasjonen, då det er langt fleire spurtar enn tidlegare. I takt med ei stadig aukande profesjonalisering av livsstil, samt meir moderne treningsmetodikk, trur eg den utviklinga kjem til å halda fram. Det er dog urovekkande å sjå at norske klubbar hentar inn «ekspertar» frå andre idrettar for å bidra til det dei kallar «fysisk trening». «Vi har ikke peiling på hva fysisk trening er, og han har ikke peiling på fotball- og dens krav. Vi lar han ta seg av fysisk trening». Filling one gap with another gap.

Ein ser òg at rollekrava til spelarane i dag er langt meir komplekse enn før. For 30 år sidan skulle ein back forsvara målet, og halda seg bak midtstreken når laget var i angrep. For 20 år sidan skulle han overlappa kanten og leggja inn. For 10 år sidan var backen nærmast ein kant når laget var i angrep. For 5 år sidan begynte backen å gå innover i bana for å bidra som pivote når laget hadde ballen. Dette var sjølvsagt satt på spissen, men eg trur vi kan forventa oss ein meir dynamisk fotball, med endå meir formasjonsendringar under vegs enn før, der spelarar på toppnivå må meistra fleire rollar.

Artikkelen er hentet fra bloggen «Fotballdykket» etter avtale med Jonas Munkvold.

Relaterte artikler
- Støtt landslagstreneren! For kvinnelandslaget ble EM avsluttet hardt og brutalt sist uke. I etterkant har media, enkeltspillere, tidligere landslagsspillere, eksperter, foresatte og et ...

Nils Arne Eggen og Bjørn Hansen hedret av NFT To av norsk fotballs største trenerpersonligheter gjennom tidene – Nils Arne Eggen og Bjørn Hansen – ble søndag tildelt Norsk Fotballtrenerforenings hederstegn....

Trenerforeningen viste veien! Gunnar-Martin Kjenner er en av landets fremst eksperter på idrettsjus, og selv i sin pensjonisttilværelse er han en mye brukt rådgiver i idretten, tillitsvalgt ...

-For mye prat og for lite handling! Joachim Jonsson (42) har de siste årene etablert seg som en tydelig stemme i debattene om norsk fotball som blogger og ekspert i media. Svensken som kom til Nor...

Forlengelse av samarbeidet med Nissan Nissan Nordic Europe og Norsk Fotballtrenerforening har forlenget samarbeidet ytterligere ett år. Som hovedsponsor av UEFA Champions League og gjennom Nissans ø...

Mr. Ullevaal Stadion trapper ned Administrerende direktør i Ullevaal Stadion selskapene, Jack Hemmestad, går av 1.oktober etter å ha virket på fotballens nasjonalanlegg siden 1992. – Det har væ...

Kommentarer (0)

There are no comments posted here yet
-- annonse --